Mads Gilbert

Mads Gilbert

Statsborgarskap Noreg
Fødd 2. juni 1947 (77 år)
Porsgrunn
Yrke professor, lege, politikar
Språk norsk, engelsk
Politisk parti Raudt, Raud Valallianse, Arbeidernes kommunistparti
Mads Gilbert på Commons

Mads Fredrik Gilbert (fødd 2. juni 1947) er ein norsk lege og politikar for Raudt. Han er spesialist i anestesiologi og klinikkoverlege ved Akuttmedisinsk klinikk ved Universitetssjukehuset Nord-Noreg (UNN).[1] Han har vore professor II i akuttmedisin ved Universitetet i Tromsø sidan 1995.

Gilbert har i lang tid vore engasjert i solidaritetsarbeid i Palestina, og har ei rekkje gonger vore i legeteneste i området. Han vart internasjonalt kjent under Gaza-krigen, då han og legekollegaen Erik Fosse greidde å koma inn i Gaza og dermed var dei einaste vestlege vitna til krigshandlingane. Dei vart i det sambandet intervjua av TV-kanalar som BBC, CNN, ABC og Al Jazeera. Hausten 2009 gav dei ut boka Øyne i Gaza og i 2014 Natt i Gaza.

I 2013 vart han tildelt St. Olavs Orden.

  1. Nordprofilprisen 2013 til Mads Gilbert, arkivert frå originalen 29. november 2014, henta 18. september 2016 

© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search